Fortidsminneforeningen
Dronningens gate 11
N-0152 Oslo
Tlf.: 23 31 70 70
Faks: 23 31 70 50
post@fortidsminneforeningen.no
Webmaster: Bendik Bjerknes
Østfold • Oslo og Akershus • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark • Aust-Agder • Vest-Agder • Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Sør-Trøndelag unntatt Røros • Røros • Nord-Trøndelag • Nordland • Troms • Finnmark
Hopperstad stavkyrkje frå aust. Ein kan lett konstatera at Borgund stavkyrkje var eit føredøme da Hopperstad-kyrkja vart restaurert. Før Blix satte ho i stand, var kyrkja her slett ikkje så prangande og "stavkyrkjeaktig". Foto: Fortidsminneforeninga.
Hopperstad stavkyrkje ligger i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Sjå eit kart som syner alle foreninga sine eigedomar i fylket her.
Hopperstad stavkyrkje er av borgundtypen, og har heva midtrom både i skipet og koret.
Kyrkja er truleg reist rundt 1140. I byrjinga var ho ei enkel kyrkje med romansk utsjånad, men ho har blitt endra ganske kraftig i løpet av mellomalderen. Det mest interessante ved kyrkja er den gotiske alterbaldakinen med dekorasjonar i særleg fin treskurd. Himlingen i baldakinen viser målte scener frå Jesu barndom.
I løpet av 1880-åra leia den kjente arkitekten Peter Blix restaureringa av kyrkja på Hopperstad – frå sterkt forfall, til å bli ei framtredande bygning med nasjonalromantisk preg. Stavkyrkja på Borgund var ein klar inspirasjon i arbeidet. Blix gjorde arbeidet gratis, og stilte sjølv eit stort pengebeløp til rådvelde for oppgåva.
Tinging av omvisning kan gjerast ved å sende ein e-post til info@stavechurch.com eller ved å ringe
57 67 88 40. Om du gjerne vil ha ein omvising utanom sesongen, kan du òg nytte denne e-postadressa og dette telefonnummeret.
Alt innhold © Fortidsminneforeningen.