Fortidsminneforeningen

Urnes stavkirke / Urnes stavkirke

Urnes stavkyrkje frå nordvest. Foto: Birger Lindstad/NIKU.

Fakta

Urnes stavkyrkje ligger i Luster i Sogn og Fjordane. Sjå eit kart som syner alle foreninga sine eigedomar i fylket her.

Historie og praktiske opplysninger

På Ornes ligg den eldste stavkyrkja i Noreg, datert til tidleg på 1130-talet. Urnes stavkyrkje sin eineståande verdi vert spegla i at ho er ført opp på Verdsarvlista, styrt av FN-organisasjonen Unesco.

Da 1100-talskyrkja vart reist, vart bygningsdelar frå ei eldre kyrkje (bygd i andre halvdel av 1000-talet) brukt omatt. Den eineståande nordportalen med skurd i det som er døypt "urnesstil", er ein av dei verkelege "kronjuvelane" i norsk arkitektur- og kunsthistorie. Kyrkja har òg eit særskilt rikt inventar, med blant anna ei dyrebar romansk kalvariegruppe.

Stavane i skipet sitt midtrom har rikt dekorerte terningkapiteler, kor eitt av motiva er brukt som Fortidsminneforeninga sitt kjennemerke (sjå øvst på nettsida).

Les meir om kyrkja på nettstaden til Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane her. Her finn du òg informasjon om opningstider og prisar for omvising.

Tinging av omvisning kan gjerast ved å sende ein e-post til info@stavechurch.com eller ved å ringe
57 67 88 40. Om du gjerne vil ha ein omvisning utanom sesongen, kan du òg nytte denne e-postadressa og dette telefonnummeret.

Herskapelig overnatting i historisk miljø? Prøv Munthehuset!
Fortidsminneforeninga samarbeider med Munthehuset om overnattingstilbod til folk som besøkar Urnes stavkyrkje (eller er i Luster av andre grunnar).

Munthehuset er den herskapelege hovudbygningen på Ytre Kroken, som ligg fem kilometer frå stavkyrkja på Ornes. Garden har hatt ei sentral rolle som kultursenter i området. Besøk Munthehuset sin nettsted her: www.munthehuset.no

Alt innhold © Fortidsminneforeningen.