Fortidsminneforeningen
Dronningens gate 11
N-0152 Oslo
Tlf.: 23 31 70 70
Faks: 23 31 70 50
post@fortidsminneforeningen.no
Webmaster: Bendik Bjerknes
Østfold • Oslo og Akershus • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark • Aust-Agder • Vest-Agder • Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Sør-Trøndelag unntatt Røros • Røros • Nord-Trøndelag • Nordland • Troms • Finnmark
Borgund stavkyrkje frå sør på 1990-talet. Legg merke til støpulen (klokketårnet) til venstre, som og er i foreninga si eige. Han er den einaste bevarte klokkestøpulen frå middelalderen i Norge. Trea du ser på biletet er no fjerna. Foto: Fortidsminneforeninga.
Borgund stavkyrkje ligger i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane. Sjå eit kart som syner alle foreninga sine eigedomar i fylket her.
Borgund stavkyrkje er ei langkyrkje, der både skip og kor har heva midtrom. Kyrkja har gjeve namn til ein eigen type stavkyrkjer, "borgundtypen". Dei går for å vera dei mest karakteristiske av alle stavkyrkjer i verda, og Borgund stavkyrkje er nok den best bevarte av alle stavkyrkjene.
Dendrokronologiske undersøkingar (med andre ord: årringsanalyse av tremateriala kyrkja er bygd av) har synt at tømmeret ho er bygd av vart kappa vinteren 1180-81.
Borgund stavkyrkje var frå starten via til Den heilage Andreas.
Utvendig legg ein merke til drakehovuda på gavlane, dei flotte, utskorne portalane, svalgangen rundt heile kyrkja og klokkestøpulen. Støpulen er òg heilt særmerkt, og han husar ei mellomalderklokke. Inne i det noko dunkle og sparsamt utsmykka kyrkjerommet festar ein seg ved plankekorsa som avstivar konstruksjonen oppe på veggen, preikestolen frå slutten av 1500-talet og altertavla frå 1620.
Tinging av omvisning kan gjerast ved å sende ein e-post til borgund@Fortidsminneforeninga.no eller ved å ringe 57 66 81 09. Om du gjerne vil ha ei omvisning utanom sesongen, kan du òg nytte denne e-postadressa og dette telefonnummeret.
I 2005 skjedde store endringar ved stavkyrkja. Etter fleire tiår med utilfredstillande tilhøve for besøkande, vart det nye besøkssenteret innvigd av Hennar Majestet Dronning Sonja, Fortidsminneforeninga si høge beskyttar. Dermed var det slutt på trafikkfarlege situasjonar knytt til inn- og utkøyring frå parkeringsplassen, som tidlegare låg rett ved kyrkjegardsmuren. Me er òg glade for at det samstundes vart slutt på dei lange rekker med turistbussar som parkerte rett ved kyrkja, det hindra innsynet til det eineståande kulturminnet og var i seg sjølv særs uheldig visuell støy på staden. Enda meir ryddig vart det når tre og buskar i nærleiken av kyrkja vart felt, og terrenget vart meir ope enn det har vore i siste halvdel av 1900-talet, da Noreg i større og større grad har grodd att grunna endringane i jordbruket.
I besøkssenteret fins ei omfattande utstilling om dei norske stavkyrkjene generelt, og Borgund stavkyrkje spesielt. Det er òg kafé med kortreist mat, turistbutikk og toalettfasilitetar.
Alt innhold © Fortidsminneforeningen.